mandag 7. januar 2013

oppsummering av 2012

Bloggmessig er vel det strengt tatt lite å oppsummere 2012 med.
Kanskje eg skulle bruke tida mi på betre prosjekt. Eventuelt kan eg jo lære meg å blogge.. sånn skikkeleg, liksom.

Vel vel, 2013 er purung, så god tid..

Takk til 2012 for godt reiseselskap, du var artig og innhaldsrik og kunne ha vart lenger for min del. Men no seier me farvel, eller Adieu og går kvar til vårt. Medan eg stuper ut i det nye året og flørtar med 2013, må du berre vere att der og bli trekt fram i historiar. Eg kjem på mange allerede..

2012 var året eg var til Berlin på språkkurs
2012 var året utan sommar
2012 var året eg var i Barcelona for første gang
2012 ..

Så, 2013, du er velkomen, men 2012 la lista høgt :-)

Marthe

lørdag 4. august 2012

Regnsykling

Å sykle i regnet er eigentleg ganske moro.
Blautt er det, og kanskje farleg, eg ser i alle fall lite, og det gjer kanskje andre og? men moro. Eg kosar meg skikkeleg på morgonar som i dag. Suse i barnehagen, levere trolla og suse vidare.
DEt er jo

telefonblogging

Med den gamle mobilen min var det så greit å sende bilder og blogginnlegg. Har ikkj eheilt skjønt det med den nye. Den nye har eg hatt sidan juni i fjor. Mulig eg er litt treg.

sommar

onsdag 20. juni 2012

tvillingmammalykke

..
er når fireåringen seier at orda "tvilling" og "bestevenn" betyr det same.

mandag 19. mars 2012

Berlin dag 0

Eg kom til Berlin i gaar, nesten litt dögnvill etter aa ha staatt opp klokka 0515. Paa flyplassen önska mamma meg god tur. Det er ganske flott med god oppfölging i heimen, og at mamma tok nattbussen fraa Sogndal for aa vinke meg vel avgarde var rörande. Ho snakka forresten om at ho skulle paa ferie, skjönnar ikkje heilt det, men det er kanskje mulig?

Paa flysete 25a plasserte eg meg og sat aaleine paa rada ganske lenge. Saa kom det ein mann, ganske lang og ganske pratsam. Saa sjölv om me aldri fekk avtalt för me for, saa hvana altso eg og Oddvar saman paa flyet. Artig! Inn til Berlin delte me drosje og greier.

Sidan eg i örska hadde tasta pinkoden feil tre ganger paa flyet, starta opphaldet utan telefon. greit nok, trudde eg. heilt til eg kom til leilegheita og ingen opna döra daa eg ringte paa. Hjalp lite med to telefonnummer paa ein lapp i veska daa.

Drakk god kaffi og aat opphaldets förste bretzel, slappa av og returnerte til leilegheita gang to. No opna Said. Han viste seg aa vere ein straalande tyrkisk ung mann med godt sovehjarte.

Han hadde til og med baka kake, ei stripete sjokoladekake som smakte echt lecker!

Eg trur opphaldet blir bra eg!

No tenkte eg at eg skulle skrive om dagen i dag og, med kursstart og det ehile. men i det den tanken slo meg kom eg paa at heime i leilegheita ligg det rimeleg mykje lekser og ventar paa meg. Gaar heller heim.

Ha ein fin maandag!