Eg skulle blogge, men det gjer eg jo eigentleg ikkje.
Eg skulle.. nei, eg gidd ikkje ramse alt eg skulle gjort, men ikkje har gjort.
Det eg heller vil, er å seie litt om det eg HAR gjort, det er moroare det, ja!
Eg har nesten strikka ferdig ein puff. Ein Puff Daddys baby, faktisk. Og når eg fann den geniale bloggen til Pickles jentene www.pickles.no, so forelska eg meg litt. eg er jo ikkje noko særleg på slike husmorsyssler, men av og til får eg eit lite snv av inspirasjon, og det gav Pickles meg! Eg har og bake muffins med eigne rips. dei vart så gode at eg burde ha delt med fleire og fått skryt. Men eg åt dei opp..
Denne helga har eg og småjentene vore åleine heime medan pappaen har vore på ein velfortent guttetur langt til fjells. medan me stuka heime bakte eg knekkebrød. Er det mulig? Den tvillingmammaen der får jo til alt.. eller, vel vel, men moro var det og gode vart dei.
Oppskrifta fekk eg frå ei sunn veninne som nok har andre sunne veninner, for dei knekkebrøda var jammen i meg ikkje mykje usunne..
Oppskrift finn du på: http://casadelhette.blogspot.com/2009/09/helt-sprtt.html
Mmm, det får vere nok for no.
Og då kan eg jo nesten seie at eg er i gang med blogginga og, eller?
mandag 5. oktober 2009
Abonner på:
Kommentarer (Atom)
