tirsdag 28. desember 2010

Click to play this Smilebox greeting
Create your own greeting - Powered by Smilebox
This free digital greeting made with Smilebox

mandag 8. november 2010

Wallies

Hm, eg ser så mange kule wallies over alt (eller i blad og bloggar då..) men eg finn ingen sjølv. Har så lyst å pusse opp med litt tapetmoro!

onsdag 3. november 2010

Fine sommar minner på skeiva


Av og til veit eg inni meg at eg er verdas heldigaste. Sjekk den buketten då :)

onsdag 27. oktober 2010

Ansiktsmåling og disco

Eg og Heidi (eller heidi og eg, heiter det vel sånn eigentleg) var på family Reggae disco på sagene samfunnshus på søndag. det var så stas. det var stas å vere åleine med berre ei snuppe, og det var nok stas å vere åleine på tur med mamma. det var stas å ta bussen og få sitte i setet. det vr skikkeleg stas å treffe på ein liten butikk med barn som solgte diverse til inntekt for Flyktningehjelpen. Då vart det muffins og eple og to leiker. Eit Thomas-tog til Heidi og ein politibil til Malene. Det er fint med bøssebærarar, men noko heilt anna med små barn (desse var frå fem til åtte) som sel leiker dei ikkje brukar meir, kaffi, saft og heimelaga muffins.
Hm, no må eg gå. meir om discoen etterpå..

mandag 11. oktober 2010

Gresskarfesten


Eit fint knippe Gresskar samla på festen. Tre ulike typar, ganske kult. Mitt var tyngst og vann konkurransen. Greit å ta turen til sogn med seierskaret :)

tirsdag 28. september 2010

Gresskar

I kveld har eg hausta gresskara mine. 6stk, det siste skal få vere ute litt til. Huff, tykkjer litt synd på det som er ute i det kalde veret heilt åleine. Kanskje mannen har rett når han seier eg er litt vel opptatt av desse grønnsakene. Uansett, eg er ein fersk gresskar dyrkar, så eg veit ikkje heilt om eg burde tatt dei inn eller latt dei vere ute litt lenger. Det er ikkje så lett å finne noko om det på nettet heller. Satsar på at dei held seg fint nede i kjellaren eit par veker. I morgon legg eg kanskje ut eit bilde av fangsten..

søndag 26. september 2010

Ella med ny vest


Ella (aka kokkoline) har fått sitt første klesplagg; ein fin vest i ull og bomull. Eg hadde min debut som designer og produsent og er kry. Gjort på kun kort tid og med eit resultat i alle fall Ella var nøgd med. At mammaen til Ella tok den av rett etter ho oppdaga den var berre eit bitte lite skår i gleda. For ho sa den var fin, ho sa det.

lørdag 11. september 2010

Akvarium


Jentene tykkjer det er stas med Fiskane. Er litt usikker på om det er gjensidig. Dei syns no det er godt med mat, og jentene er rause. Grå laurdag her, men me skal kose oss med jentehelg!

mandag 6. september 2010

kom deg ut dagen

I går var det kom deg ut dagen og eg hadde før helga ei liste over alternative utflukter. Dei fleste innebar sykkel, nistepakke og fiskestang.
Kva me enda opp med? Ein roleg dag heime. Me var i hagen, prøveåt eple frå alle trea, sykla på balansesyklane, åt is, leika med naboane.. Var ein fin dag i sola og då kvelden kom var det ikkje så nøye om me ikkje kunne poste noko skrytestatus på Facebook. Ein koseleg og fin familiedag!

torsdag 26. august 2010

Siste sommardag?


På søndag sykla me til Movann. Ein fin tur innover marka med eit forsøk på grilling. Jentene sine elias fiskestenger var med. Stas å få fiskeleksjon av pappa! Når eg ser ut på regnet og det grå veret får eg lyst til å gøyme på denne dagen gjenom hausten. Kan late eingangsgrillen og smaken av tennvæske gå i gløymeboka.

onsdag 7. juli 2010

snu bilder når ein sender frå telefon?

Hm, eg lurer slik på korleis eg får snudd bilda når eg sender blogginnlegg frå mobilen. Får det jo ikkje til!

lørdag 12. juni 2010

Gøteborg


Vart overraska med Kjærestetur til gøteborg i helga. Snille mannen har ordna med tog og fint hotell. Me har vandra i haga og vore på fleire kaféar i dag enn eg har vore på siste året til saman. Kan anbefalast!

onsdag 2. juni 2010

Lukke


Sol, sovande jenter i vogna og ein trilletur opp akerselva.

lørdag 22. mai 2010

Badekar og snille naboar


Etter å ha sett på badekaret til nabojenta i mange månadar, der det har stått ute bak ei bu, fekk jentene i går arve det. Så stor stas å bade babyen i eige kar med dusj og alt.

tirsdag 27. april 2010

Ut på tur..


Av og til er ein liten tur på bunnpris ein stor ekspedisjon. Utstyr skal med og varer fraktast. Bra vogna er solid og evnen til å pakke er god :-)

fredag 23. april 2010

Matroskjole


Nye Kjolar frå Millepille :-) gler oss til 17.mai, og lurer på å ha noko anna enn pysj under.

Sollebille..



fredag 16. april 2010

mobilblogg

No har eg gjort noko lurt.. Eg har kopla mobilen min mot bloggen slik at eg kan sende små blogginnlegg derifrå. Fantastisk, eller?
Ikkje det at eg bloggar so mykje då, men kasnkje det blir litt meir om eg kan gjere det frå fleire plassar. Jo fleire klokker dess meir tid er det noko som heiter, så slik er det vel her og.

Ha ei god helg i vulkanoska!

Ny kåpe


Hennymoste har sydd nydelege kåper til jentene. Kvite og med lilla og rosa for. Heidi er super nøgd!

fredag 9. april 2010

VÅR

I dag er det skikkeleg vår i Oslo.
eg sykla til jobb og plystra heile vegen. det er so fint med lyse morgonar, sol og litt varme.
jentene er lettkledde utan dressar og syns sykkelvogn er stas. eg slepp overfyllt buss og dårleg samvit for manglande trim.

Eg gler meg til fleire slike dagar, så får det heller vera at sola avslører skitne glas og støvete golv. pyttåpytt!

onsdag 24. februar 2010

positiv vinter?

Det er so fint med vinter og eg elskar å sjå ut på snøen som dalar. Likevel tek eg meg i å irritere meg saman med alle andre som har sett langtidsvarelet om meir snø og kulde.
Det som er fint med vinteren er:
-raude kjakar
-snømann
-bleinkande snøkrystall om morgonen før det er lyst
-reint og lite hundebæsj
-gratis trim

Det som ikkje er like kjekt er:
-issvullen på trappa
-nedsnødde fortau og snarvegar som er utilgjengelege med vogn
-all tid det tek å kle av og på
-kalde hender på små jenter som hatar vottar
-all plass kleda tek
-ekkel hoste på sovande småjenter


Det betyr at eg kan kose meg med vinter OG glede meg til vår, så eigentleg kan eg vere dobbeltglad. Trur eg skal prøve det resten av dagen (og ikkje irritere meg over ullgensaren som klør)

torsdag 4. februar 2010

tida går fort!

Eg fann dette bildet som Vigdis tok av meg og jentene i påska i fjor. Det er nok småtuppene som har forandra seg mest. eg har same kleda og er berre litt gråare vorti. jaja, er no frisk :-)