tirsdag 28. september 2010

Gresskar

I kveld har eg hausta gresskara mine. 6stk, det siste skal få vere ute litt til. Huff, tykkjer litt synd på det som er ute i det kalde veret heilt åleine. Kanskje mannen har rett når han seier eg er litt vel opptatt av desse grønnsakene. Uansett, eg er ein fersk gresskar dyrkar, så eg veit ikkje heilt om eg burde tatt dei inn eller latt dei vere ute litt lenger. Det er ikkje så lett å finne noko om det på nettet heller. Satsar på at dei held seg fint nede i kjellaren eit par veker. I morgon legg eg kanskje ut eit bilde av fangsten..

søndag 26. september 2010

Ella med ny vest


Ella (aka kokkoline) har fått sitt første klesplagg; ein fin vest i ull og bomull. Eg hadde min debut som designer og produsent og er kry. Gjort på kun kort tid og med eit resultat i alle fall Ella var nøgd med. At mammaen til Ella tok den av rett etter ho oppdaga den var berre eit bitte lite skår i gleda. For ho sa den var fin, ho sa det.

lørdag 11. september 2010

Akvarium


Jentene tykkjer det er stas med Fiskane. Er litt usikker på om det er gjensidig. Dei syns no det er godt med mat, og jentene er rause. Grå laurdag her, men me skal kose oss med jentehelg!

mandag 6. september 2010

kom deg ut dagen

I går var det kom deg ut dagen og eg hadde før helga ei liste over alternative utflukter. Dei fleste innebar sykkel, nistepakke og fiskestang.
Kva me enda opp med? Ein roleg dag heime. Me var i hagen, prøveåt eple frå alle trea, sykla på balansesyklane, åt is, leika med naboane.. Var ein fin dag i sola og då kvelden kom var det ikkje så nøye om me ikkje kunne poste noko skrytestatus på Facebook. Ein koseleg og fin familiedag!