mandag 24. januar 2011

strikking og skilnaden på kunnskap og vilje


eg strikkar, difor er eg.. eller noko heilt anna.
Eg har aldri vore særleg god med handarbeid, mest fordi tolmodet ikkje har vore så velutvikla, men dels også fordi det er andre greiner i slekta som driv med slikt. Dei gjer det bra. Har aldri vore så flink til å motivere meg sjølv med aktivitetar der eg veit at andre gjer det mykje betre, med halve innsatsen.
uansett, no strikkar eg. Eg strikkar gensar. den er visst veldig lett. Same det, eg tykkjer det er både moro, frustrerande og ja, litt av det meste. ikkje så moro eigentleg, når eg tenkjer meg om. det som er moro er å sjå at det faktisk etter kvart kan minne om det det skal bli, ein gensar.

Etter å ha strikka bolen og to armar er tida komen for å sette den saman. Armane skal strikkast på, så etter å ha tredd på armane på kvar si side (sånn ca i alle fall), var det den verkelege utfordringa starta. strikk vridd.. vridd liksom.. eg kan rett, vrang og perle. Ganske stolt av at eg kan perlestrikk faktisk, men det hjalp meg ikkje no.

Eg la, truskuldig nok, den setninga i oppskrifta som eg ikkje forstod, på facebookstatusen min. Det var då først eg skjønte kor mange strikkande vener eg har.. 45 kommentarar, det er i overkant. Dei vil ringe, sende mms-video, bildeserie, gir tips om nettsider og ja.. Eg er imponert. Klart, nokre kommentarar var forståelege for meg, som "ta deg ei øl" og "byt hobby!". Men resten.. imponert.

Så, no må eg til pers, og presset har auka. eg må jo no vise at eg forstår og at eg kan fullføre.

Fortsettelse på Deangenser følger..

Forresten er oppskrifta og garn kjøpt på pickles.no. der er det så mykje fint!

søndag 23. januar 2011

lat søndag

ein strålande dag med sol og varme.
Jentene er i bursdag og mannen er på jogging. Vart brått litt stressa sidan eg seig ned i sofaen med ein gang huset var tomt. Opp og ut. eller knaksje ikkje dra så langt. lova naboen at eg var heime om småttisane treng mammastøtte. Tøffe tak med fireårsdag. Men uansett, opp av sofaen. Ned i hagen og hente skia i det minste. har jo vore ein tur i den nydelege hagen vår i dag. Akebrett, huske og ski. Det er stas det!

onsdag 12. januar 2011

der fann eg det eg leitte etter, trur eg

Eg har jo vore på leit etter litt kule tapetbilder, og no har eg funnet eit par sider der eg kan leite og finne..

http://www.happylines.no/inspirasjon.html
stiligevegger.no

Så får eg jobbe litt med kva veggar eg skal dekorere...

tirsdag 4. januar 2011

Besøk hjå bestefar


Heidi er med pappa til trondheim. Dei har vore og besøkt bestefar og oldefar, stas! Eg og Malene gler oss til dei kjem heim!

travelt?

I går såg eg Top Model USA. Jentene kom til New Zeland og skulle på photoshoot med ein sau som heitte Prince.. Seriøst, kor travelt kan eg då ha det?

søndag 2. januar 2011

Året går mot slutten og her er regnskapet

1. Hva gjorde du i 2010 som du aldri har gjort før?
Strikka eigendesign. Eg som ikkje kan strikke i det heile fekk meg eit mestringskick av dokkevesten!

2. Holdt du nyttårsforsettene dine. Og vil du lage nye?
Ja, eg skulle drikke meir, og det har eg gjort. No er det tid for nye, vere meir spontansosial, sjå muligheiter, vere positiv..

3. Ble noen som står deg nær mor eller far?
Ja, det er kome til verda fleire heldige verdsborgarar som har valgt gode foreldre. GRATULERA!

4. Døde noen som sto deg nær?
Nei, i 2010 var det heldigvis lite død.

5. Hvilke land har du besøkt det siste året?
Sverige, Danmark og Tyskland

6. Hva ønsker du deg neste år som du har savnet?
sakne, ein frys.

7. Hvilke datoer i 2010 vil du aldri glemme, og hvorfor?
Gløymer nok datoar, men kanskje ikkje minner?

8. Hva er det største du har oppnådd i år?
Det største er alltid jentene, år etter år!

9. Hva var din største nedtur?
Nedturane er små, i alle fall sett i ettertid.

10. Har du vært syk eller skadet?
Er forkjøla no, ja. Lite sjukdom.

11.Hva var ditt beste kjøp?
Raude regnkåpa mi, kanskje?

12. Hvem fortjener din hyllest for oppførselen sin?
Mamma, mannen, sjefen.. mange bra folk!

13. Hvem sin oppførsel gjorde deg nedstemt/lei deg?
Ingen eg kjem på.

14. Hva gikk mesteparten av pengene dine til?
Det lurer eg og på! Mat, hus ungar..

15. Hva gjorde deg veldig veldig veldig oppspilt og glad?
3x veldig.. vellukka sykkelferie?

16. Hvilken sang vil alltid minne deg om 2010?
Kosinus!

17. Sammenlignet med denne tiden i fjor, er du ...
a. Gladere eller mer nedstemt?
gladare, jula i fjor var fæl!
b. Tynnere eller tykkere?
tjukkare, drikk meir, søv meir, et meir..
c. Rikere eller fattigere?
er alltid blakk!

18. Hva skulle du ønske du gjorde enda mer av?
sov, trena, strikka, gjorde nytte for meg, les for ungane..

19. Hva skulle du ønske du gjorde mindre av?
tenkje på det eg ikkje får gjort noko med.

20. Hvordan vil du tilbringe julen?
sidan jula no er over.. heime.

21. Ble du forelsket?
glimtvis, og heldigvis i same mannen kvar gang :-)

22. Hvor mange one-night stands hadde du?
ingen

23. Hva var ditt favorittprogram på TV?
tv, ja.. Dora, Kosinus?

24. Hater du noen nå som du ikke hatet på denne tiden i fjor?
nei

25. Hvilken bok er den beste du har lest i år?
Boktyven

26. Hva var årets beste musikalske oppdagelse?
å oppdage at eg kan høyre musikk att. at det er tid etter legging..

27. Hva ønsket du deg – og fikk?
snille, friske ungar

28. Hva ønsket du deg – og ikke fikk?
rolege, veloppdragne ungar..

29. Hva var årets beste film?
Inception?

30. Hva gjorde du på bursdagen din?
Var på Tusenfryd med familien og resten av telenor.

31. Hvilken enkeltting/-person har gjort året mye mer tilfredsstillende?
middagshjelpen

32. Hvordan vil du beskrive klesstilen din?
so last.. whatever..

33. Hva har holdt deg i mental balanse?
er eg i balanse?

34. Hvilken kjendis likte du best?
å, meg og kjendisar.. Inga Marte

35. Hva i politikken har opprørt deg mest?
lokalsjukehus og undergangen ved G.Schjelderupsvei!

36. Hvem savner du?
Lene!

37. Hvem var den beste nye personen som kom inn i livet ditt?
Heidi

38. Fortell en viktig livsvisdom du har lært i år?
stao pao!

39. En sangtekst som oppsummerer året.
næh. nuss nuss kosinus?

Eg fann denne lista hjå Dobbel lykke, som og hadde rappa den frå ein blogg. Ei grei oppsummering.