torsdag 31. mars 2011

strikkeblogginnlegg..


Sidan dette er ein strikkeblogg... så kjem det endeleg eit nytt innlegg om Tang sine fantastiske evner som strikkerske.

Denne fine halsen har eg strikka heilt sjølv. Oppskrift, ide og inspirasjon henta eg i Fredrikstad hjå Hanna, der eg og jentene var i helga. Fredrikstad er kult altso, og kompisen i Fredrikstad er super stas. Håpar ikkje det er lenge til neste utflukt dit.

men tilbake til strikkinga.

Denne halsen er eit kvadrat (gryteklut) der det er satt på ein knapp i det eine hjørna. Så kan ein brette den i to, knappe på, og så er det stilig med ein pynteknapp framme.

Heidi bestilte grøn knapp, så då måtte mor leite litt, men den som leitar skal finne og alt det der. Jammen bra eg ikkje hadde brukt ekstraknappen på den grøne vinterkåpa mi. Knappen er fin og passa perfekt.


Kjolen ho har på er arv etter Sunniva. Skikkeleg stas, og fint at den passa til den grøne knappen.


mandag 21. mars 2011

så mange tema ein kan skrive om

og likevel..
eg har vore ganske slapp i det siste. ikkje berre på bloggen, men sånn elles og. Sjuke ungar hjelp sjeldan på energinivået gitt. Ikkje for det, har ungar som stort sett er friske og raske. og sjølv når dei er sjuke har dei til dags dato ikkje vore meir enn normalt forkjøla og med handterbar feber. heilt ok altso. Poenget er likevel at det blir lite overskot att til andre ting.

I kveld tenkte eg derimot å få skrive litt. med snuppene i seng, ei med dyne, ei utan, alt som normalt med andre ord, så er eg klar.

Så var det desse temaene eg tenkte å ta opp. Det var ADECCO og det var japan, men eg landar på noko litt nærare og litt koseligare: ODA!

me har fått ein liten babyfisk i akvariet vårt. Her ein dag sa Malene, baby? Og eg sa HÆ? Så såg eg mellom plantene der, og jammen. Ein bitteliten fisk, raud og med digre augo. Oda heiter ho og et seg større for kvar dag som går! Tenk so moro! Me som trudde me hadde to hoer i karet, men det spørst om det kanskje kan vere ein hanne den eine hoa, ja! Me skal i alle fall vente med å kjøpe nye fiskar til Oda er stor nok til å forsvare seg, slik at ho ikkje endar som lunsj!

Ha ein fin kveld!