torsdag 28. april 2011
Påskeslutt
Kjenner at eg saknar påska. Kanskje difor eg var lukkeleg då kiwi hadde halv pris på all påskesnop i går? Uansett, eg fann ikkje påskeskum, så det vart berre eit par sjokoladeharar. Spørst om eg klarar å late vere å kjøpe meir, eg som skal vere åleine vaksen i huset heile helga..
tirsdag 12. april 2011
vårens vakreste eventyr?
Jepp, studieseksjonen stiller med lag i Holmenkollstafetten, og eg skal vere med!
http://www.holmenkollstafetten.no/
http://www.holmenkollstafetten.no/
mandag 11. april 2011
fin laurdag i vårsola
Helga er forbi og det er berre fine bilder og skitne kle som er att.. Laurdag var eg og jentene på sykkeltur ned i Nydalen for å returnere to bokpakkar på bokklubben.
Det er forresten ganske flott, å kunne stikke innom der med bøkene istaden for å sende dei tilbake. Det vert jo aldri gjort. Så utan gangavstand til Bokklubben hadde me nok hatt huset fullt av bøker..
Då me kom ned var det 30minutt til dei opna, så me kjøpte is og satte oss i sola. Det er flott å kjenne litt på roen og freden og gleda over årets første is i det fri.
Jentene er so flinke med syklane sine no, ser føre meg ein sommar med mange små og litt større utfluktar på desse farkostane. Malene har ikkje hatt lyst til å byte til to hjul, men no er det endeleg gjort. Blir spennande å sjå korleis ho taklar det.
fredag 8. april 2011
fredag i stova
Eg har spelt kronespel på ipaden, Torger jobbar, på tv er det norske talenter og til middag var det taco. oh my god, snakk om standard latterleg spennande fredag. Det verste er at det er akkurat passe koseleg!
baby oda-fisken vår har vokse og eg trur ho er ein gut. Ho heiter tidvis Olav no..
God helg!
baby oda-fisken vår har vokse og eg trur ho er ein gut. Ho heiter tidvis Olav no..
God helg!
tirsdag 5. april 2011
merkelege greier
Til å vere heilt blotta for interesse for intereiør, merke, hus og slikt, er eg overraskande (sjølvevaluering) mykje på intereiørsider på nettet, kosar meg med idear og anna eg aldri gjer noko med.
Akkurat no siklar eg over masse fint på
http://www.designdelicatessen.dk/
Akkurat no siklar eg over masse fint på
http://www.designdelicatessen.dk/
mandag 4. april 2011
søndag 3. april 2011
20 årsjubileum og Hafslotur
I helga har eg vore på Hafslo og feira 20 årsjubileum for ungdomsskulen.
Det har vore so kjekt og eg er so sliten.. Kjennest heilt rett ut! Eg hadde ein fin og roleg morgon med snuppene på fredag, leverte i barnehagen og tusla heim. Gjorde unna eit par ærend og tok flybussen. Altso, flybussekspressen.. den fortenar eit eige innlegg. Kva i alle dagar er det med den bussen og rutetider? Eg trur aldri eg har tatt ein buss frå Nydalen til Gardermoen som har gått når det er annonsert. Jaja, det gjer jo at eg står litt friare til å møte på busstoppet når eg meinar det bør kome ein buss. Som no, det skulle kome ein buss 1050, ein kl 1100 og ein 1110 og ein 1130. (So kan ein lure på kvifor det ikkje gjekk ein kl 1120, men den tanken får heller vente). So eg tusla opp og var der litt før 11. Då tenkte eg at kanskje det var på tide for 1050 bussen å dukke opp. Eg venta, såg, venta og lurte. kl 1112 kom det ein buss. kva er det liksom? Jammen bra eg alltid er ute i god tid og er eit bedageleg menneske.
Turen gjekk fint, flyet var fullt med halvkjendisar, så det var artig. Å vere på Hafslo utan ungar og utan mann er ganske uvant, ganske fint, men litt kjedeleg og. Jubileum med supre vener frå ungdomstida var heilt tipp topp! God mat var det og, mmmmm!

Abonner på:
Kommentarer (Atom)