mandag 11. april 2011

fin laurdag i vårsola



Helga er forbi og det er berre fine bilder og skitne kle som er att.. Laurdag var eg og jentene på sykkeltur ned i Nydalen for å returnere to bokpakkar på bokklubben.

Det er forresten ganske flott, å kunne stikke innom der med bøkene istaden for å sende dei tilbake. Det vert jo aldri gjort. Så utan gangavstand til Bokklubben hadde me nok hatt huset fullt av bøker..

Då me kom ned var det 30minutt til dei opna, så me kjøpte is og satte oss i sola. Det er flott å kjenne litt på roen og freden og gleda over årets første is i det fri.

Jentene er so flinke med syklane sine no, ser føre meg ein sommar med mange små og litt større utfluktar på desse farkostane. Malene har ikkje hatt lyst til å byte til to hjul, men no er det endeleg gjort. Blir spennande å sjå korleis ho taklar det.

fredag 8. april 2011

fredag i stova

Eg har spelt kronespel på ipaden, Torger jobbar, på tv er det norske talenter og til middag var det taco. oh my god, snakk om standard latterleg spennande fredag. Det verste er at det er akkurat passe koseleg!

baby oda-fisken vår har vokse og eg trur ho er ein gut. Ho heiter tidvis Olav no..

God helg!

tirsdag 5. april 2011

merkelege greier

Til å vere heilt blotta for interesse for intereiør, merke, hus og slikt, er eg overraskande (sjølvevaluering) mykje på intereiørsider på nettet, kosar meg med idear og anna eg aldri gjer noko med.

Akkurat no siklar eg over masse fint på
http://www.designdelicatessen.dk/

mandag 4. april 2011

Besøk av baby-Olav


Sjå so fine! Stas med besøk av Ingvild og Olav. Skikkeleg stas med kvar si Ludde-bok og!

søndag 3. april 2011

20 årsjubileum og Hafslotur

I helga har eg vore på Hafslo og feira 20 årsjubileum for ungdomsskulen.

Det har vore so kjekt og eg er so sliten.. Kjennest heilt rett ut! Eg hadde ein fin og roleg morgon med snuppene på fredag, leverte i barnehagen og tusla heim. Gjorde unna eit par ærend og tok flybussen. Altso, flybussekspressen.. den fortenar eit eige innlegg. Kva i alle dagar er det med den bussen og rutetider? Eg trur aldri eg har tatt ein buss frå Nydalen til Gardermoen som har gått når det er annonsert. Jaja, det gjer jo at eg står litt friare til å møte på busstoppet når eg meinar det bør kome ein buss. Som no, det skulle kome ein buss 1050, ein kl 1100 og ein 1110 og ein 1130. (So kan ein lure på kvifor det ikkje gjekk ein kl 1120, men den tanken får heller vente). So eg tusla opp og var der litt før 11. Då tenkte eg at kanskje det var på tide for 1050 bussen å dukke opp. Eg venta, såg, venta og lurte. kl 1112 kom det ein buss. kva er det liksom? Jammen bra eg alltid er ute i god tid og er eit bedageleg menneske.

Turen gjekk fint, flyet var fullt med halvkjendisar, så det var artig. Å vere på Hafslo utan ungar og utan mann er ganske uvant, ganske fint, men litt kjedeleg og. Jubileum med supre vener frå ungdomstida var heilt tipp topp! God mat var det og, mmmmm!

torsdag 31. mars 2011

strikkeblogginnlegg..


Sidan dette er ein strikkeblogg... så kjem det endeleg eit nytt innlegg om Tang sine fantastiske evner som strikkerske.

Denne fine halsen har eg strikka heilt sjølv. Oppskrift, ide og inspirasjon henta eg i Fredrikstad hjå Hanna, der eg og jentene var i helga. Fredrikstad er kult altso, og kompisen i Fredrikstad er super stas. Håpar ikkje det er lenge til neste utflukt dit.

men tilbake til strikkinga.

Denne halsen er eit kvadrat (gryteklut) der det er satt på ein knapp i det eine hjørna. Så kan ein brette den i to, knappe på, og så er det stilig med ein pynteknapp framme.

Heidi bestilte grøn knapp, så då måtte mor leite litt, men den som leitar skal finne og alt det der. Jammen bra eg ikkje hadde brukt ekstraknappen på den grøne vinterkåpa mi. Knappen er fin og passa perfekt.


Kjolen ho har på er arv etter Sunniva. Skikkeleg stas, og fint at den passa til den grøne knappen.


mandag 21. mars 2011

så mange tema ein kan skrive om

og likevel..
eg har vore ganske slapp i det siste. ikkje berre på bloggen, men sånn elles og. Sjuke ungar hjelp sjeldan på energinivået gitt. Ikkje for det, har ungar som stort sett er friske og raske. og sjølv når dei er sjuke har dei til dags dato ikkje vore meir enn normalt forkjøla og med handterbar feber. heilt ok altso. Poenget er likevel at det blir lite overskot att til andre ting.

I kveld tenkte eg derimot å få skrive litt. med snuppene i seng, ei med dyne, ei utan, alt som normalt med andre ord, så er eg klar.

Så var det desse temaene eg tenkte å ta opp. Det var ADECCO og det var japan, men eg landar på noko litt nærare og litt koseligare: ODA!

me har fått ein liten babyfisk i akvariet vårt. Her ein dag sa Malene, baby? Og eg sa HÆ? Så såg eg mellom plantene der, og jammen. Ein bitteliten fisk, raud og med digre augo. Oda heiter ho og et seg større for kvar dag som går! Tenk so moro! Me som trudde me hadde to hoer i karet, men det spørst om det kanskje kan vere ein hanne den eine hoa, ja! Me skal i alle fall vente med å kjøpe nye fiskar til Oda er stor nok til å forsvare seg, slik at ho ikkje endar som lunsj!

Ha ein fin kveld!