mandag 8. november 2010

Wallies

Hm, eg ser så mange kule wallies over alt (eller i blad og bloggar då..) men eg finn ingen sjølv. Har så lyst å pusse opp med litt tapetmoro!

onsdag 3. november 2010

Fine sommar minner på skeiva


Av og til veit eg inni meg at eg er verdas heldigaste. Sjekk den buketten då :)

onsdag 27. oktober 2010

Ansiktsmåling og disco

Eg og Heidi (eller heidi og eg, heiter det vel sånn eigentleg) var på family Reggae disco på sagene samfunnshus på søndag. det var så stas. det var stas å vere åleine med berre ei snuppe, og det var nok stas å vere åleine på tur med mamma. det var stas å ta bussen og få sitte i setet. det vr skikkeleg stas å treffe på ein liten butikk med barn som solgte diverse til inntekt for Flyktningehjelpen. Då vart det muffins og eple og to leiker. Eit Thomas-tog til Heidi og ein politibil til Malene. Det er fint med bøssebærarar, men noko heilt anna med små barn (desse var frå fem til åtte) som sel leiker dei ikkje brukar meir, kaffi, saft og heimelaga muffins.
Hm, no må eg gå. meir om discoen etterpå..

mandag 11. oktober 2010

Gresskarfesten


Eit fint knippe Gresskar samla på festen. Tre ulike typar, ganske kult. Mitt var tyngst og vann konkurransen. Greit å ta turen til sogn med seierskaret :)

tirsdag 28. september 2010

Gresskar

I kveld har eg hausta gresskara mine. 6stk, det siste skal få vere ute litt til. Huff, tykkjer litt synd på det som er ute i det kalde veret heilt åleine. Kanskje mannen har rett når han seier eg er litt vel opptatt av desse grønnsakene. Uansett, eg er ein fersk gresskar dyrkar, så eg veit ikkje heilt om eg burde tatt dei inn eller latt dei vere ute litt lenger. Det er ikkje så lett å finne noko om det på nettet heller. Satsar på at dei held seg fint nede i kjellaren eit par veker. I morgon legg eg kanskje ut eit bilde av fangsten..

søndag 26. september 2010

Ella med ny vest


Ella (aka kokkoline) har fått sitt første klesplagg; ein fin vest i ull og bomull. Eg hadde min debut som designer og produsent og er kry. Gjort på kun kort tid og med eit resultat i alle fall Ella var nøgd med. At mammaen til Ella tok den av rett etter ho oppdaga den var berre eit bitte lite skår i gleda. For ho sa den var fin, ho sa det.

lørdag 11. september 2010

Akvarium


Jentene tykkjer det er stas med Fiskane. Er litt usikker på om det er gjensidig. Dei syns no det er godt med mat, og jentene er rause. Grå laurdag her, men me skal kose oss med jentehelg!