onsdag 18. mai 2011

vannkoppar x 2

No er me i gang..
Malene vart heime frå barnehagen i dag, 9 mistenklege prikkar gjorde at eg trudde det var vannkoppar på gang. Ho hr vore like pigg som vanleg, og ikkje klødd. men mistanken stemmer nok, for det har kome fleire prikkar og fleire av dei har væska seg.

Så kom ettermiddagen og barnehagen ringte. Heidi var slapp og hadde feber. Vannkoppar det og?

Reknar med me blir heime nokre dagar, ja.

onsdag 11. mai 2011

mandag 9. mai 2011

takk Telenor

Takk til telenor, så då er det takk til alle dei som betalar på mobilen sin og tenkjer det er litt dyrt, takk til dei som betalar breibandet sitt, men tenkjer det er litt dyrt, og takk til dei som betalar fasttelefonen sin og tenkjer at det er litt dyrt.. At dei betalar gjer at telenor kan spandere besøk på Tusenfryd for sine tilsette med familiar. og det var i går.

Lurte på om eg skulle skrive om korleis ein kan samanlikne morgonen etter Tusenfryd med ein morgon etter ei fyllekule, men fann ut at eg heller tek den takk telenor varianten..

Mannen pakka fem barn i bilen og henta meg på jobb. Så susa me (suse er vel å ta litt hardt i, men bilen rulla og gjekk fint i rekka av andre bilar som skulle sørover frå Oslo etter jobb på måndag)og rakk Tusenfryd.

Jentene hadde med seg ei nabojente som har fyllt fire, Oliver hadde med naboguten på åtte.

I fjor hadde me ei utfordring med å skjønne konseptet kø. Då var dei to år. I år er dei tre år, men kø er framleis ikkje heilt innarbeidd. Likevel vart det mange fine atraksjonar og kun få truslar om heimreise om det ikkje vart skjerpings.

"Merry go round"karusell, småfly, hoppe frosk, mini Pariserhjul, motorsyklar og bestefars bil vart fangsten for småbarnsavdelinga. Dei store samla russekort, køyrde radiobilar, huske og berg og dalbane.

Eigentleg er det ganske moro med slike parkar, men eg kjenner nok mest på at det er ei litt kvalmande overflod.. Men moro!

I tillegg til å vere med jentene sneik eg meg unna for ein tur i monster speed eller kva den enn heiter. Utruleg kor fort det går altso!

Ha ein finfin jobbedag!

torsdag 5. mai 2011

verdas bokdag i dag

Den er visst flytta frå april til mai på grunn av påska. Hm, kanskje bokdagen er bestemt heilt frå bibelsoga?

Uansett, les de?
Eg har akkurat lese ferdig Wendy Guerra si "alle drar sin vei",
Det er ingen grunn til å lese denne boka om du syns Fidelismen fungerar bra og at Cuba er eit paradis. Dette er den andre sida av Cuba, der individet tapar og forsvinn i eit system som ikkje fungerar.

Frå omslaget

Alle drar sin vei er en roman basert på forfatterens egne dagbøker fra barndom og ungdom på Cuba i 1980-årene. Nieve Guerra er en moden jentunge, som ien Anaïs nin-aktig atmosfære forteller om livet sammen med sin ustabile mor og sin voldelige far. Vi befinner oss i en turbulent ungdomstid, der utdannelesen på et kunstakademi og de første forelskelsene er ingredienser i den store sorgen over at familie og venner forlater landet i tur og orden. dagboken er Nieves eneste fortrolige.
Alle drar sin vei er en åpenhjertig, usensurert og autentisk skildring av oppvekst på Cuba, av livet på en øy hvor folk føler seg så uendelig isolert fra resten av verden, skrevet av en som selv opplever det.

Ei fin bok å lese, særleg etter å ha vore på Cuba i vinter.