mandag 9. mai 2011

takk Telenor

Takk til telenor, så då er det takk til alle dei som betalar på mobilen sin og tenkjer det er litt dyrt, takk til dei som betalar breibandet sitt, men tenkjer det er litt dyrt, og takk til dei som betalar fasttelefonen sin og tenkjer at det er litt dyrt.. At dei betalar gjer at telenor kan spandere besøk på Tusenfryd for sine tilsette med familiar. og det var i går.

Lurte på om eg skulle skrive om korleis ein kan samanlikne morgonen etter Tusenfryd med ein morgon etter ei fyllekule, men fann ut at eg heller tek den takk telenor varianten..

Mannen pakka fem barn i bilen og henta meg på jobb. Så susa me (suse er vel å ta litt hardt i, men bilen rulla og gjekk fint i rekka av andre bilar som skulle sørover frå Oslo etter jobb på måndag)og rakk Tusenfryd.

Jentene hadde med seg ei nabojente som har fyllt fire, Oliver hadde med naboguten på åtte.

I fjor hadde me ei utfordring med å skjønne konseptet kø. Då var dei to år. I år er dei tre år, men kø er framleis ikkje heilt innarbeidd. Likevel vart det mange fine atraksjonar og kun få truslar om heimreise om det ikkje vart skjerpings.

"Merry go round"karusell, småfly, hoppe frosk, mini Pariserhjul, motorsyklar og bestefars bil vart fangsten for småbarnsavdelinga. Dei store samla russekort, køyrde radiobilar, huske og berg og dalbane.

Eigentleg er det ganske moro med slike parkar, men eg kjenner nok mest på at det er ei litt kvalmande overflod.. Men moro!

I tillegg til å vere med jentene sneik eg meg unna for ein tur i monster speed eller kva den enn heiter. Utruleg kor fort det går altso!

Ha ein finfin jobbedag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar