tirsdag 9. august 2011

regn i juni og regn i august

Eg tenkte på det på veg til jobb i dag. Nærare bestemt tenkte eg på det frå krysset Geitmyrsveien Collets gate, og ned til lyskrysset Colletsgate-Ullevålsveien, at regn og ver er ganske rart.

I juni var eg og jentene åleine heime i ei god veke. Det styrtregna, det hølja og det ausa ned. Likevel var det ikkje noko spørsmål ved om me skulle sykle om morgonen. Ut av huset, jentene i sykkelvogna og avgarde. Så var det å skifte alt, frå innerst til ytterst når eg kom på jobb.

I dag høljar det ned. Eg sykla. Spurte om mannen kunne levere i barnehagen, argumenterte med veret. Vel framme på jobb slapp eg faktisk å byte truse, så HEILT gjennomvåt var eg altso ikkje. MEN opplevinga av å sykle i regn i august og å sykle i regn i juni, den er heilt ulik. So eg tenkte, på tidlegare nevnte strekning, på kva som kan gjere denne skilnaden. Og konkluderte, i det lyset skifta til grønt, at det har lite med sjølve syklinga, men med tida som ventar å gjere. I juni er det varmt og går mot varmare, dagane er lange, arbeidstida kort. I august derimot, er sommaren over og det vert mørkare, kaldare og meir travelt.

Om det skal vere ein slags konklusjon, som det nok ikkje er, så får det vere å sykle i det regnet som er, og ikkje tenkje så mykje på regnet som fall eller som skal falle..

Ha ein fin og regnfull dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar