| Malene ryddar ned adventskalendaren i fjor, no ligg den klar til 1.desember. |
Eg insisterar på at det heiter adventskalender, ikkje julekalender. Eg insisterar på at adventskalenderen ikkje er ei minijulafta kvar dag, men ein måte å telle ned.
Adventskalendaren skal ikkje påføre mødre eller bestemødre stressymptom i lange tider, for å få klar alle kalendergåver i tide. Å finne små, fine, nyttige gåver som passar.
SÅ, då eg vart mor for snart fire år sidan var eg ganske klar på dette, og er det framleis. jentene har aldri masa om å få julekalender, me har aldri hatt behov for noko forklaring på det.
Misforstå rett, me har adventskalender. Eg har kjøpt ein som kan brukast år etter år, og som er heilt flott. Det er ein kalender med små bøker. kvar bok har eit tal og er eit eventyr. Det er eit Disney-produkt, med historiar om Pinokkio, Askepott o.l. I kvar bok er det ei lita hempe, slik at bøkene kan hengast opp etter at dei er tatt ut og lest. Heilt etter min smak. Ei lita historie saman, kvar dag. Ein fin måte å telje ned til jul på, både for små og store.
So er det likevel slik, at eg er ikkje eineveldig i livet til ungane mine. (sukk.. ;-))
Med ein storebror som har ein svær lego starwars kalender på rommet, er denne idealistiske idyllen vanskeleg å bevare. Om ikkje umogeleg. SÅ, då vert det kalender på dei små i år.
Heldigvis, trass alt, finnst det mange fine kalendarar å velge i. Eg har ikkje fallt i "lage noko fint og personleg" fella, og godt er det!
Det eg har er derimot å finne ein fin Mummi-kalender.
Så, no blir det historielesing og mummifigurar. Greit nok. Familielivet handlar kanskje om balanse og om å vite kva som er dei viktige kampane?
| Den nye Mummi-kalendaren frå www.lekmer.no Ha ein fin snartadventstidtysdag! |

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar