I dag er det ekstra stas med fredag. Sola skin, ei hektisk arbeidsveke nærmar seg slutten og eg har fått heve/senkepult på jobb. Juhu!
Og søndag reiser eg til Berlin! Gler meg masse!
fredag 16. mars 2012
tirsdag 13. mars 2012
ein fin dag i mars
I dag har eg vore på eksamensseminar. det gjekk veldig fint. Mange flinke folk jobbar med eksamen på HiOA. Deter ganske artig å ha slike seminar. Som ein kollega sa på bussen i dag tidleg: Det er som når læraren trilla inn tv og videospelar i klasserommet..
Me var på eit hotell i nærleiken av jobb, greie lokaler og god lunsj.
Etter jobb var me på politihuset for å skaffe pass til avkomma. Dei skal besøke meg når eg skal på språkkurs i Berlin. Tenk, det er mindre enn ei veke til eg reiser nedover. Gjett om eg gler meg! det blir spennande å vere åleine på tur slik etter gamalt. Lenge sidan sist! Kjenner eg er overdrevent spent på det med å vere åleine i ein stor by.
i avisa i helga les eg at dei som er vellukka er herleg uperfekte. Då er eg nok vellukka, i alle fall er eg ikkje heilt perfekt. tjihi!
ha ein fin kveld, og kom gjerne med tips til stader å oppleve i Berlin! Både for tida eg er åleina, og tida med ungar!
Ha ein finfin kveld!

tirsdag 14. februar 2012
mandag 2. januar 2012
Godt nytt år!
hei alle!
Me skriv 2012, eit heilt nytt og ubrukt år. Spennande eigentleg!
Turen heim frå Sogn vart lang i går. Reknar med me heretter unngår langkøyring 1.januar!
Godt år til alle, og vel overstått 2011!
Me skriv 2012, eit heilt nytt og ubrukt år. Spennande eigentleg!
Turen heim frå Sogn vart lang i går. Reknar med me heretter unngår langkøyring 1.januar!
Godt år til alle, og vel overstått 2011!
fredag 2. desember 2011
tirsdag 22. november 2011
Om advent, kalender, hysteri og skilnaden på idè og praksis
| Malene ryddar ned adventskalendaren i fjor, no ligg den klar til 1.desember. |
Eg insisterar på at det heiter adventskalender, ikkje julekalender. Eg insisterar på at adventskalenderen ikkje er ei minijulafta kvar dag, men ein måte å telle ned.
Adventskalendaren skal ikkje påføre mødre eller bestemødre stressymptom i lange tider, for å få klar alle kalendergåver i tide. Å finne små, fine, nyttige gåver som passar.
SÅ, då eg vart mor for snart fire år sidan var eg ganske klar på dette, og er det framleis. jentene har aldri masa om å få julekalender, me har aldri hatt behov for noko forklaring på det.
Misforstå rett, me har adventskalender. Eg har kjøpt ein som kan brukast år etter år, og som er heilt flott. Det er ein kalender med små bøker. kvar bok har eit tal og er eit eventyr. Det er eit Disney-produkt, med historiar om Pinokkio, Askepott o.l. I kvar bok er det ei lita hempe, slik at bøkene kan hengast opp etter at dei er tatt ut og lest. Heilt etter min smak. Ei lita historie saman, kvar dag. Ein fin måte å telje ned til jul på, både for små og store.
So er det likevel slik, at eg er ikkje eineveldig i livet til ungane mine. (sukk.. ;-))
Med ein storebror som har ein svær lego starwars kalender på rommet, er denne idealistiske idyllen vanskeleg å bevare. Om ikkje umogeleg. SÅ, då vert det kalender på dei små i år.
Heldigvis, trass alt, finnst det mange fine kalendarar å velge i. Eg har ikkje fallt i "lage noko fint og personleg" fella, og godt er det!
Det eg har er derimot å finne ein fin Mummi-kalender.
Så, no blir det historielesing og mummifigurar. Greit nok. Familielivet handlar kanskje om balanse og om å vite kva som er dei viktige kampane?
| Den nye Mummi-kalendaren frå www.lekmer.no Ha ein fin snartadventstidtysdag! |
fredag 11. november 2011
telefonblogging
Med den gamle mobilen min var det så greit å sende bilder og blogginnlegg. Har ikkj eheilt skjønt det med den nye. Den nye har eg hatt sidan juni, mulig eg er litt treg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)