fredag 18. februar 2011

Fine trappa


Dårleg bilde, men er stolt av den fine trappa mi altso. Mannen litt skeptisk, men klaga ei på resultatet.

onsdag 16. februar 2011

skryte skryte


Sjekk så fin mann.. og gensar. Vart ferdig med prosjektet og mannen er glad. Eg har festa dei aller fleste trådane til og med, så dette er jo verkeleg velstand.
Må jo berre skryte masse av det deilige garnet, cashwool irregular frå pickles. 35% cashmere og 65% ull. mjuk og varm gensar, og litt dyr. mønsteret var enkelt, i alle fall med litt hjelp frå FB og youtube. pickles.no er verkeleg plassen for slike som meg.
Eg kan no skryte av å ha strikka ein gensar, lurer på om neste utfordring skal dreie seg om noko heilt anna enn garn!
Fin kveld til alle tre føgarane mine, tjihi! Og fin kveld til alle andre som sikkert les utan å følge fast. :-)

fredag 11. februar 2011

pakkeliste til Cuba

Kom på at eg faktisk kan trenge ei bok eller tre til ferieturen. 14 dagar utan ungar og med selskap av ein trønder. Det MÅ jo bli rom for lesing då?

Nokon som har tips til gode og lettleste bøker som egnar seg på ei solseng på Cuba? Kan gjerne nytast saman med ein mojito..

tirsdag 1. februar 2011

februar

I dag er det 1.februar. Det betyr at eg skal sette meg på flyet til Cuba, ferie, sol og varme om mindre enn 20 dagar. Eg som nesten ikkje har vore kvalmande glad eingang. Juhu! 14 dagar skal vere heilt ok, men det blir i lengste laget å vere vekke frå søte små. Og i lengste laget å vere samen med søte store? Hm, nei, det går nok bra!

mandag 24. januar 2011

strikking og skilnaden på kunnskap og vilje


eg strikkar, difor er eg.. eller noko heilt anna.
Eg har aldri vore særleg god med handarbeid, mest fordi tolmodet ikkje har vore så velutvikla, men dels også fordi det er andre greiner i slekta som driv med slikt. Dei gjer det bra. Har aldri vore så flink til å motivere meg sjølv med aktivitetar der eg veit at andre gjer det mykje betre, med halve innsatsen.
uansett, no strikkar eg. Eg strikkar gensar. den er visst veldig lett. Same det, eg tykkjer det er både moro, frustrerande og ja, litt av det meste. ikkje så moro eigentleg, når eg tenkjer meg om. det som er moro er å sjå at det faktisk etter kvart kan minne om det det skal bli, ein gensar.

Etter å ha strikka bolen og to armar er tida komen for å sette den saman. Armane skal strikkast på, så etter å ha tredd på armane på kvar si side (sånn ca i alle fall), var det den verkelege utfordringa starta. strikk vridd.. vridd liksom.. eg kan rett, vrang og perle. Ganske stolt av at eg kan perlestrikk faktisk, men det hjalp meg ikkje no.

Eg la, truskuldig nok, den setninga i oppskrifta som eg ikkje forstod, på facebookstatusen min. Det var då først eg skjønte kor mange strikkande vener eg har.. 45 kommentarar, det er i overkant. Dei vil ringe, sende mms-video, bildeserie, gir tips om nettsider og ja.. Eg er imponert. Klart, nokre kommentarar var forståelege for meg, som "ta deg ei øl" og "byt hobby!". Men resten.. imponert.

Så, no må eg til pers, og presset har auka. eg må jo no vise at eg forstår og at eg kan fullføre.

Fortsettelse på Deangenser følger..

Forresten er oppskrifta og garn kjøpt på pickles.no. der er det så mykje fint!

søndag 23. januar 2011

lat søndag

ein strålande dag med sol og varme.
Jentene er i bursdag og mannen er på jogging. Vart brått litt stressa sidan eg seig ned i sofaen med ein gang huset var tomt. Opp og ut. eller knaksje ikkje dra så langt. lova naboen at eg var heime om småttisane treng mammastøtte. Tøffe tak med fireårsdag. Men uansett, opp av sofaen. Ned i hagen og hente skia i det minste. har jo vore ein tur i den nydelege hagen vår i dag. Akebrett, huske og ski. Det er stas det!

onsdag 12. januar 2011

der fann eg det eg leitte etter, trur eg

Eg har jo vore på leit etter litt kule tapetbilder, og no har eg funnet eit par sider der eg kan leite og finne..

http://www.happylines.no/inspirasjon.html
stiligevegger.no

Så får eg jobbe litt med kva veggar eg skal dekorere...