torsdag 15. september 2011

konfirmasjonspresangen

 

Konfirmanten

Blå lagune
Flybussen frå keflavik gjekk via den blå lagune. Det var veldig greit, og gav oss ein fin start på islandsopphaldet.



 Silje sin femte gang for å sjå Geysir, og alle gangene har det regna. Ingen unntak no, trass i solstrålane ho hadde med.

 Regnet løya og eg prøvde å fange det utruleg fascinerande fenomenet med 30m sprut. Blanda hell, men stas var det å ha sett.

 Bursdagsjenta vart feira med middag på restaurant med eit namn som ikkje kan skrivast på norsk tastatur.. "Ved Tjønna". Nydeleg steinbit, lam og torsk.  Sjølv han som ikkje er glad verken i fisk eller sau skrytte av maten.

 Ingen Islandstur utan ridetur på ekte islandshestar. Min er den søte, svart og kvite. Faunir. Han var inspirert av Usain Bolt og likte best å vere i tet..

 Torkjell og Sokrates var gode vener uner heile turen, og Torkjell tok oppgåva som hjelpar særs alvorleg.

 Sol, øl (lettøl), utsikt og beina i varmt vatn. kan ikkje klage på mykje då!

 Å bruke tid på å bekymre seg over værmeldingar som sa 12 grader og regn var heilt unødvendig. Heldigvis!

 Utsikt mot Reykjavik frå fyret Grotta.

 Utsikt frå Perlan, eit artig perleforma utsiktspunkt/kafe/restaurant/museum m.m. bygd på toppen av Reykjavik sine varmtvatnstankar.

Viking malene med nytt utstyr.

Ekte viking Heidi med utstyret i orden.

onsdag 31. august 2011

ISLAND

No reiser me snart til Island. Langhelg i Reykjavik for meg, storebror og fadderbarnet, nykonfirmerte Regine.
Gjett om eg gler meg!
Einaste er at veret er liksom litt blautt og kaldt. Som her..

Tips til kva ein skal finne på der på Sagaøya?

ISLAND

No reiser me snart til Island. Langhelg i Reykjavik for meg, storebror og fadderbarnet, nykonfirmerte Regine.
Gjett om eg gler meg!
Einaste er at veret er liksom litt blautt og kaldt. Som her..

Tips til kva ein skal finne på der på Sagaøya?

tirsdag 9. august 2011

regn i juni og regn i august

Eg tenkte på det på veg til jobb i dag. Nærare bestemt tenkte eg på det frå krysset Geitmyrsveien Collets gate, og ned til lyskrysset Colletsgate-Ullevålsveien, at regn og ver er ganske rart.

I juni var eg og jentene åleine heime i ei god veke. Det styrtregna, det hølja og det ausa ned. Likevel var det ikkje noko spørsmål ved om me skulle sykle om morgonen. Ut av huset, jentene i sykkelvogna og avgarde. Så var det å skifte alt, frå innerst til ytterst når eg kom på jobb.

I dag høljar det ned. Eg sykla. Spurte om mannen kunne levere i barnehagen, argumenterte med veret. Vel framme på jobb slapp eg faktisk å byte truse, så HEILT gjennomvåt var eg altso ikkje. MEN opplevinga av å sykle i regn i august og å sykle i regn i juni, den er heilt ulik. So eg tenkte, på tidlegare nevnte strekning, på kva som kan gjere denne skilnaden. Og konkluderte, i det lyset skifta til grønt, at det har lite med sjølve syklinga, men med tida som ventar å gjere. I juni er det varmt og går mot varmare, dagane er lange, arbeidstida kort. I august derimot, er sommaren over og det vert mørkare, kaldare og meir travelt.

Om det skal vere ein slags konklusjon, som det nok ikkje er, så får det vere å sykle i det regnet som er, og ikkje tenkje så mykje på regnet som fall eller som skal falle..

Ha ein fin og regnfull dag!

mandag 8. august 2011

Sjarmtrollparty

http://www.sjarmtrollparty.no

Eg har jammen bestemt meg for å forhandle sjarmtrollpartyleiker.
Ikkje for at eg er så glad i homeparty, men fordi eg har bestemt meg for å prøve å gjere litt andre ting enn eg pleier denne hausten. Dette er i alle fall noko heilt anna!

Vil du ha eit party heime hjå deg?
Ta kontakt, det er moro! Og vertinnegåvene er fine

Juhu!

torsdag 4. august 2011

fleire bøker..

jammen har eg lest meir i år, hadde jo heilt gløymt det.

Cecilia Samartin:
Mofongo

Pedro Juan Gutierrez:
den skitne Havanna-triologien

Vegard Bye / Dag Hoel:
Dette er Cuba - alt annet er løgn

Wendy Guerra:
Alle drar sin vei

Arto Paasilinna:
den elskelige giftblandersken

Hm, eg som trudde eg ikkje hadde lese så mykje. No må det seiast at to veker på Cuba utan born i tillegg til behageleg ferie i Danmark med lesetid har hjelpt på.

Neste prosjekt kan kasnkje vere tipset frå Lisa. :-)