tirsdag 14. februar 2012

mandag 2. januar 2012

Godt nytt år!

hei alle!
Me skriv 2012, eit heilt nytt og ubrukt år. Spennande eigentleg!
Turen heim frå Sogn vart lang i går. Reknar med me heretter unngår langkøyring 1.januar!

Godt år til alle, og vel overstått 2011!

tirsdag 22. november 2011

Om advent, kalender, hysteri og skilnaden på idè og praksis


Malene ryddar ned adventskalendaren i fjor, no ligg den klar til 1.desember.



Eg insisterar på at det heiter adventskalender, ikkje julekalender. Eg insisterar på at adventskalenderen ikkje er ei minijulafta kvar dag, men ein måte å telle ned.
Adventskalendaren skal ikkje påføre mødre eller bestemødre stressymptom i lange tider, for å få klar alle kalendergåver i tide. Å finne små, fine, nyttige gåver som passar.

SÅ, då eg vart mor for snart fire år sidan var eg ganske klar på dette, og er det framleis. jentene har aldri masa om å få julekalender, me har aldri hatt behov for noko forklaring på det.
Misforstå rett, me har adventskalender. Eg har kjøpt ein som kan brukast år etter år, og som er heilt flott. Det er ein kalender med små bøker. kvar bok har eit tal og er eit eventyr. Det er eit Disney-produkt, med historiar om Pinokkio, Askepott o.l. I kvar bok er det ei lita hempe, slik at bøkene kan hengast opp etter at dei er tatt ut og lest. Heilt etter min smak. Ei lita historie saman, kvar dag. Ein fin måte å telje ned til jul på, både for små og store.

So er det likevel slik, at eg er ikkje eineveldig i livet til ungane mine. (sukk.. ;-))
Med ein storebror som har ein svær lego starwars kalender på rommet, er denne idealistiske idyllen vanskeleg å bevare. Om ikkje umogeleg. SÅ, då vert det kalender på dei små i år.
Heldigvis, trass alt, finnst det mange fine kalendarar å velge i. Eg har ikkje fallt i "lage noko fint og personleg" fella, og godt er det!

Det eg har er derimot å finne ein fin Mummi-kalender.

Så, no blir det historielesing og mummifigurar. Greit nok. Familielivet handlar kanskje om balanse og om å vite kva som er dei viktige kampane?

Martinex, Adventskalender, Mummi
Den nye Mummi-kalendaren frå www.lekmer.no


Ha ein fin snartadventstidtysdag!

fredag 11. november 2011

telefonblogging

Med den gamle mobilen min var det så greit å sende bilder og blogginnlegg. Har ikkj eheilt skjønt det med den nye. Den nye har eg hatt sidan juni, mulig eg er litt treg.

mandag 17. oktober 2011

ei lita påminning, Tvillingforeldrenes ABC

Tvillingforeldrenes ABC

Avlastning - noe jeg trenger og drømmer om nå.
Bleieskift - de ca 6000 på et år.
Circus - hovedattraksjonen er den åttearmede mor.
Dobbelamming - er stor utfordring.
Endelig sover de begge to.
Fødselsdag feirer vi dobbelt en gang i året.
Godnatt sier vi for 10de gang når begge barna har kastet smokken på gulvet og står og hopper i sengen.
Humor - dobbelt så moro med tvillinger.
Ingen fritidsproblemer.
Ja takk sier vi lynraskt til hjelpere før de får tenkt seg om.
Kjærlighet - viktig å ta vare på.
Lurveleven - hele tiden.
Måltid - en gang en rolig stund.
Neste gang skal vi bare ha en.....
Optimisme - det barnevakter er fulla av når de kommer.
Pessimisme - det de er preget av når de går.
Quo vadis - hva vil fremtiden bringe?
Rosiner som vi deler ut for noen minutters fred.
Sammen er vi dynamitt!
Tyve fingre - tyve tær - hurra det ble en til oss hver!
Ultralyd i 19de uke da legen spurde hvor mange barn vi hadde bestillt.
Vask, vask og atter vask....
Wc - der jeg aldri får sitte i fred.
X-tra av alt - klær, leketøy, penger og ikke minst tålmodighet.
Yuccapalme - husets stolthet inntil den ble offer for Tarzan og Jane.
Zoologisk hage - huset er fullt av apekatter.
Æsj - denne maten liker vi ikke!
Ønsket om trippende føtter i huset - ble oppfylt og vel så det.
Åh, så fint det er å ha tvillinger!!!!!!!!!!

(Tvillingforeldre foreningen)

torsdag 13. oktober 2011

Arbeidsmiljødagen

For oss som er heldige nok til å jobbe på Høgskolen i Oslo og Akershus, eller Oslo University College og Applies Sciences som det heiter i kortform.. so har me i dag fått vore på ei heildagssamling i Storsalen.
Mykje kan seiast og mangt kan meinast, og det om det meste, og i alle fall om å jobbe i Staten.

Eg skal berre formidle ei lukkekjensle. Ei lukke over å ha ein dag satt av til å ta inn inspirasjon, kunnskap og å le. Le av oss og av dei andre. late meg underhalde og late meg reflektere.

Gode bidragsytarar og kvalitet i alle ledd.

Å avslutte med Christine Koht er jo absolutt ingen nedtur!

Og no.. klar for arbeidsmiljøfesten 2011!