eg strikkar, difor er eg.. eller noko heilt anna.
Eg har aldri vore særleg god med handarbeid, mest fordi tolmodet ikkje har vore så velutvikla, men dels også fordi det er andre greiner i slekta som driv med slikt. Dei gjer det bra. Har aldri vore så flink til å motivere meg sjølv med aktivitetar der eg veit at andre gjer det mykje betre, med halve innsatsen.
uansett, no strikkar eg. Eg strikkar gensar. den er visst veldig lett. Same det, eg tykkjer det er både moro, frustrerande og ja, litt av det meste. ikkje så moro eigentleg, når eg tenkjer meg om. det som er moro er å sjå at det faktisk etter kvart kan minne om det det skal bli, ein gensar.
Etter å ha strikka bolen og to armar er tida komen for å sette den saman. Armane skal strikkast på, så etter å ha tredd på armane på kvar si side (sånn ca i alle fall), var det den verkelege utfordringa starta. strikk vridd.. vridd liksom.. eg kan rett, vrang og perle. Ganske stolt av at eg kan perlestrikk faktisk, men det hjalp meg ikkje no.
Eg la, truskuldig nok, den setninga i oppskrifta som eg ikkje forstod, på facebookstatusen min. Det var då først eg skjønte kor mange strikkande vener eg har.. 45 kommentarar, det er i overkant. Dei vil ringe, sende mms-video, bildeserie, gir tips om nettsider og ja.. Eg er imponert. Klart, nokre kommentarar var forståelege for meg, som "ta deg ei øl" og "byt hobby!". Men resten.. imponert.
Så, no må eg til pers, og presset har auka. eg må jo no vise at eg forstår og at eg kan fullføre.
Fortsettelse på Deangenser følger..
Forresten er oppskrifta og garn kjøpt på pickles.no. der er det så mykje fint!

Er dette i ferd med å bli en strikkeblogg.....?
SvarSlettJa, det trur eg.. Tenk det, kor mange følgarar den då ville fått..
SvarSlettWow, kan du perlestrikk!?? Jeg ser deg plutselig i nytt lys Marthe! Dødsimponert er jeg!! Jeg har vel mer eller mindre gitt opp strikkeprosjektene mine etter at pulsvarmerene jeg svettet og slet med i fjor endte opp store som leggvarmere og trippel pris av det man kan få kjøpt i butikkene.
SvarSlettNei, å veve er å leve, sier nå bare jeg!
haha, Kjersti! kan eg få adoptere den? Å veve det er å leve...
SvarSlett