torsdag 31. mars 2011

strikkeblogginnlegg..


Sidan dette er ein strikkeblogg... så kjem det endeleg eit nytt innlegg om Tang sine fantastiske evner som strikkerske.

Denne fine halsen har eg strikka heilt sjølv. Oppskrift, ide og inspirasjon henta eg i Fredrikstad hjå Hanna, der eg og jentene var i helga. Fredrikstad er kult altso, og kompisen i Fredrikstad er super stas. Håpar ikkje det er lenge til neste utflukt dit.

men tilbake til strikkinga.

Denne halsen er eit kvadrat (gryteklut) der det er satt på ein knapp i det eine hjørna. Så kan ein brette den i to, knappe på, og så er det stilig med ein pynteknapp framme.

Heidi bestilte grøn knapp, så då måtte mor leite litt, men den som leitar skal finne og alt det der. Jammen bra eg ikkje hadde brukt ekstraknappen på den grøne vinterkåpa mi. Knappen er fin og passa perfekt.


Kjolen ho har på er arv etter Sunniva. Skikkeleg stas, og fint at den passa til den grøne knappen.


4 kommentarer:

  1. Hmmm, den der skjønte jeg ikke helt, må få nærmere forklaring en dag!

    SvarSlett
  2. Strikk eit kvadrat. ca 20 moskar på tjukke pinnar. Brettar til ein trekant og set ein knapp i eine hjørna. eg brukar ein moske i andre hjørna som knappehol. Så har eg sydd på ein pynteknapp nede på triangelet liksom. Du verden eg er god på forklaring..

    SvarSlett
  3. Aha, så du trengte to knapper! Da skjønner jeg!

    SvarSlett
  4. Ja, ein som skal knappe og ein til pynt. Eller fleire til pynt..

    SvarSlett