tirsdag 13. mars 2012

ein fin dag i mars

I dag har eg vore på eksamensseminar. det gjekk veldig fint. Mange flinke folk jobbar med eksamen på HiOA. Deter ganske artig å ha slike seminar. Som ein kollega sa på bussen i dag tidleg: Det er som når læraren trilla inn tv og videospelar i klasserommet..

Me var på eit hotell i nærleiken av jobb, greie lokaler og god lunsj.

Etter jobb var me på politihuset for å skaffe pass til avkomma. Dei skal besøke meg når eg skal på språkkurs i Berlin. Tenk, det er mindre enn ei veke til eg reiser nedover. Gjett om eg gler meg! det blir spennande å vere åleine på tur slik etter gamalt. Lenge sidan sist! Kjenner eg er overdrevent spent på det med å vere åleine i ein stor by.

i avisa i helga les eg at dei som er vellukka er herleg uperfekte. Då er eg nok vellukka, i alle fall er eg ikkje heilt perfekt. tjihi!


ha ein fin kveld, og kom gjerne med tips til stader å oppleve i Berlin! Både for tida eg er åleina, og tida med ungar!

Ha ein finfin kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar